Styrketrening

Historia til Mona

I januar 2017 bestemte Mona seg for å gjere noko annleis. Sjå videoen her:

Du lurer kanskje litt på kva Mona eigentleg har gjort i løpet av eit år? Du kan lese litt om det nedanfor om du ynskjer.

Styrketrening og livsstilsendringar

For Mona var det å sette foten inn på treningssenteret, og inn på kontoret mitt, eit ganske stort steg. Eg er heldig og takknemlig for at ho ville samarbeide med meg.

Mona har noko heilt spesielt som er nødvendig når ein skal gjere endringar i livet. Vilje til å prøve noko nytt. Sjølv om ein ikkje treng å velte om på alt med ein gong - så må ein faktisk gjere noko nytt om ein vil at livet skal bli annleis.

Første steg var å møte opp på styrketrening to gonger i veka, deretter gradvis auke belastning og intensitet med eit program som var tilpassa evne og nivå.

Tankar og Kjensler

Eit neste viktig steg var å ta eit lite blikk på kva ein tenkjer og føler for å kunne gjere betre val. Om ein ikkje har det mentale på plass - så vil ein alltid ramle tilbake til gamle vaner. Ikkje misforstå meg, det er faktisk heilt normalt å ramle tilbake til gamle vaner, det som er avgjerande er å starte på ny igjen så snart som mogleg.

Endring krev innsats over tid, ein vil gjere feil, og ein må starte på ny - kvar gong. Men det positive er at etterkvart vil ting gå meir av seg sjølv. Ein treng ikkje å tenke på kva ein skal ete fordi det går på automatikk, maten er allereie handla inn. Ein treng ikkje å tenke på om ein skal gå på trening eller ikkje, det er berre noko ein gjer og treningsbagen står allereie klar.

I løpet av eit år har Mona òg blitt utfordra til å handtere konflikter på ein annleis måte - å skulle stå opp for seg sjølv. Forsvare tida si som ein vil bruke på aktivitet og sjølvpleie, utan å føle seg egoistisk og sjølvopptatt.

Det er kanskje noko du slit med og? Eg veit sjølv at det er mykje energi og tankeverksemd som går med for å stå opp for seg sjølv, men ein kan gjere det på ein god måte.

Det kan vere så enkelt, men likevel så vanskeleg å seie: “Nei takk, eg vil ikkje ete kake i dag” til vener, familie og kollegaer - for så å ikkje kjenne på dårleg samvit etterpå.

Kosthald

Kosthald er ein stor og viktig del av eit godt liv. Mona blei ikkje satt på ein spesiell diett, men ho har fått moglegheit til å velge betre matvarer - framfor mindre bra matvarer. Det som fungerer er ikkje å gjere det perfekt i korte støt, men å være konsekvent med dei daglege vala, som for eksempel:

  • I vekedagane

  • I helga

  • Til frukost, til lunsj, til middag

  • På jobben

  • På besøk hos vener

  • På besøk hos familie

  • I ferie

  • Ved høgtider

  • Når ein er glad

  • Når ein er lei seg

I grove trekk eit kosthald beståande av mykje ferske, fargerike, grønsaker, frukt og bær. Gode kjelder til magert protein. Gode kjelder til feitt. Tilpassa mengde med karbohydrat frå heile matvarer - etter behov og preferanse.

Mona har brukt ein metode som fokuserer på å endre ei vane om gongen. Over tid så blir dette mange små endringar som garantert gjer resultat.

Søvn

Om du ikkje søv djupt og godt så vil det meste rakne i saumane. Søvn er grunnmuren for alt ein prøver å bygge - som styrketrening, kondisjonstrening, hobby, arbeid og familie. Du har sikkert opplevd kva som skjer når ein har sove dårleg ei natt, eller fleire netter:

  • Energien dalar

  • Humøret er ustabilt

  • Du får “cravings” etter “feil” mat

  • Større sjanse for å bli forkjøla eller lignande

Søvn er mykje meir enn å berre sove i 7-9 timar. Kor djupt ein søv er avgjerande, og dette kan ein påverke ved å manipulere ting som lys og mørke, temperatur, bevegelse, tidspunkt for måltid og faste m.m.

Restitusjon

For kvar gong ein gjer noko som belastar systemet, som styrketrening, stressande arbeid o.l - så vil ein bruke tid på å gjere noko som gjer tilbake. Strategiar kan vere:

  • Meditasjon

  • Roleg yoga

  • Massasje eller eigenmassasje

  • Varmt bad med epsom salt

  • Sauna

  • Roleg tur i skog og mark

  • Ete mat som gjer påfyll

  • Soleksponering (helst på heile kroppen etter toleevne)

  • Utøve musikk og/eller synge m.m

FELLESSKAP og støtte

Gjennom denne prosessen har Mona sjølvsagt hatt meg å støtte seg på - men ikkje minst har ho hatt ei god trenings-venninne som har vore der når ein kanskje har hatt mest lyst til å holde seg heime på tunge dagar. Eg trur det er avgjerande å ha så mykje støtte rundt seg som mogleg når ein skal gjere nye ting som er utfordrande, vanskeleg og til tider veldig tungt. Du kan jo sjå det på biletet nedanfor:

Kari og Mona gjer frontbøy. Photo Emil Rasmussen.

Kari og Mona gjer frontbøy. Photo Emil Rasmussen.

I tillegg til dette har det vore fleire rundt ho som har vore i ein liknande situasjon. Eg trur at ved å hjelpe andre så hjelper ein seg sjølv.

Frå venstre: May, Tone, Edith, Kari, Astrid, Kjetil, Hege, Solfrid, Laila, Mona, Brynhild og Ingunn. Photo Lisa Giil.

Frå venstre: May, Tone, Edith, Kari, Astrid, Kjetil, Hege, Solfrid, Laila, Mona, Brynhild og Ingunn. Photo Lisa Giil.

Det kan være vanskeleg å gjere ei livsstilsendring - men du treng ikkje gjere det aleine.

Tusen takk for at du har lese så langt!

Kunne du tenke deg å samarbeide med meg og bli ein del av eit sosialt og støttande miljø?

Hausten 2109 tek eg berre inn 10 nye kvinner som ynskjer å styrke kroppen, forbetre helse og livskvalitet, og få meir energi i kvardagen.

Om du er interessert Trykk HER for å fylle ut eit skjema og få ein gratis coaching-samtale. Derifrå kan vi sjå om opplegget eg tilbyr er noko som kan passe for deg. Det er heilt uforpliktande å fylle ut skjemaet.

PS. Eg har veldig begrensa plass og tar kun inn nye studentar om hausten og ein sjeldan gong på nyåret. Siste frist for utfylling er 15. Oktober eller så snart plassane blir tekne. Trykk HER for å fylle ut.

Eg ser fram til å bli kjend med deg!

Sterk Helsing

Coach Kjetil